Rittliste

Logg inn personlig profil:
Brukernavn:

Passord:


Klubben Online:
Søk etter klubb:

Tempotest 22.04.10

Treningsøkta på torsdag blir tempotest på Sætre. Meir info på les meir.

Me møter som vanleg på Kiwi Palmafossen, og tar felles oppvarming rundt Vangsen (retning mot klokka). Starten er 18.15 om ein vil møte direkte. Tempo er god, spesifikk ritttrening, i tillegg køyrer me samme test seinare, slik at du får høve til å sjekke evt. framgang. Løypa er som vanleg 10km, med vendepunkt halvvegs. Om du er usikker på vendepunktet, så viser ringrevane deg det på oppvarminga. Det blir intervallstart med 1 minutt mellomrom.

Tempo er ei spesiell øving. Først og fremst er dette ein konkurranse mot/med deg sjølv. Utfordringa er å halde fokus og kunne sykle fort sjølv om beina brenn og tunga når ramma på sykkelen. Den psykologiske faktoren er avgjerande om ein skal sykle best mogeleg, ikkje ulikt Skjervet på Bergen - Voss.

Me legg opp til fleire testar framover. Ein får utfolde seg i flate traseer (som no på torsdag) og i motbakker.

Kanskje får me sjå Nils stille i nyerverva tempotrøye og temposykkel. Me gler oss!

Hovudsponsorar

Delsponsorar
Powered by: vitDynaWeb -> VIT.no - 2008
Vårdal Informasjonsteknologi